fredag 22. oktober 2010

Sogelaget startar og det er plass til fleire

12 interesserte møtte og ville bli med i sogelaget!    Eit interimstyre som skal førebu sogelagsoppstart ut i januar 2011 blei sett ned; Tora-Liv Thorsen, Tanke Levik, Kjell Kristian Berge, Åse Liv Ledaal Mæle og Sigurd Jakobsen. Dei frammøtte kom med aktuelle tema å sjå meir på.  Historia om sandtaks-, kraftverk, skulehusa, steinbrotet i Eiane, gruvene i Lastabotn, telegrafen, båtbygging, stadnamn, slektsgransking, gamle gjenstandar som fortel si historie bare for å nemna nokre få.  Og ikkje minst besøka gamle hus og andre kulturminne som enno finst. Og alt må så langt muleg dokumentert med bilder som kan leggast inn her. 

Takk til Torunn Levik som fortalte så levande om far sin Torgeir Espedal, best kjent som "Ryfylkevegen sin far". 
I 2008 reiste Torunn og mannen Tanke med  Sons of Norway i Ryfylke til  Wisconsin i Amerika.  Der to brør Espedal (Torgeir og ein eldre bror Jacob) kom til Elk Creek Church i ungdommen og laga ei altertavla.  
Kyrkjelyden hadde snakka om å fjerna denne og gje ho til eit lokalt museum.       
Grunn var at noko av det utskore motivet blei oppfatta som heidensk. Etter at dei norske hadde forklart at det gamle norske dragemønsteret ikkje var "vonde krefter" uttrykte presten at altertavla fortsatt skulle stå i kyrkja !   Torunn har lova sogelaget ein kopi av det flotte foredraget.
Vil du, kan du lesa meir i boka til Odd Harald Olsen : På "Ryfylkebesøk" i USA.               

Nytt liv i gamle minne - Sisselhuset på Levikbakken

Kulturminnedagen 12. september i år blei lagt til Sisselhuset.  Tema for kulturminnedagen 2010 var nytt liv i gamle minne og då høvde det å besøka Sisselhuset som er restaurert og har fått innbu på plass.  Sisselhuset er samanbygd med våningshus og løe, eitt av ganske få slike hus som er att i Ryfylkeregionen.  Derfor viktig kulturhistorisk dokumentasjon på levekåra til småkårsfolk for 100 - 170 år sidan.

Huset ligg som eit smykke i eit flott kulturlandskap.  Det blei restaurert i 2008 i eit spleiselag mellom grunneigar Lars Sigve Levik, Forsand kommune, Rogaland fylke, Fylkesmannen og Ryfylkefondet.  Huset var då til forfall, og det hasta med å få gjort noko raskt.   Minst muleg av treverket er skifta ut, helst bare reparert.  Noko som både er kostnadskrevjande og ofte tek lenger tid.  Bl.a er vinduene tatt ut og pussa opp før dei blei sett på plass igjen.  Også dørene i huset er dei gamle originale.  

måndag 11. oktober 2010

Vil du bli med å starta opp igjen Forsand sogelag ?

Det er nå 10 år sidan Forsand sogelag sist var i aktivitet, og denne gongen er det Pilt-Ola komiteen som inviterer til ny-skipingsmøte. 

Me har lenge hatt ønske om å få dette til. 
Viss du er interessert i å bli med så
KOM PÅ BIBLIOTEKET onsdag 20.okt kl 19.00.

Eit bilde fortel ei historie, om folk og spor av levd liv.  Og det er viktig for oss å veta kven som er fotograferte.

Me har plass til alle, både deg som alt kjenner grendene, men og dei som er nye i bygda !
Me har alt funne folk som kan tenka seg å stilla til eit første styre og leia det, men tek likevel imot fleire kandidatar.  Du blir med og bestemmer kva laget skal arbeida med framover.    Velkommen !