måndag 22. august 2011

Krinsendringar

Det blei halde røysting i alle krinsane om dette spørsmålet og resultatet blei slik:

• I Nedre Espedal krins var det eit knapt fleirtal for å senda borna til Forsand.
• I Skeivik krins var det fleirtal imot å flytta. 
• I Øvre Espedal gjekk dei samrøystes imot flytting.

Skuledirektøren tilrådde likevel sterkt ei sentralisering og det enda med at både skulestyret og kommunestyret gjekk inn for det våren 1961.

Den første ”Høgsfjord”-ferja blei sett i drift 22.mai 1962, og frå hausten 1962 blei elevane frå Skeivik overførte til Forsand krins.
Det blei og elevane frå Nedre Espedal krins.
Frå hausten 1963 blei også elevane frå Øvre Espedal overførte til Forsand.
Elevtalet i Forsand krins auka nå så mykje at det måtte endå eit nybygg til.
Hausten 1965 stod det klar to nye klasserom, to aktivitetsrom og gymnastikksal.
I 1954 hadde skulen fått nytt lærarrom, leskur og toalett.
I 1960 kom det ny klasseromsfløy.
Slik skriv Trygve Brandal om denne tida i kultursoga ”Fjordafolk” :

Nedlegginga av skulekrinsane gjekk ikkje smertefritt, korkje for foreldre eller elevar. På Forsand skule var det stadig sjau og kiving mellom elevane frå dei ulike krinsane. Skulen sleit med denne uroa ei heil tid.
På den første forteljarkvelden  såg me nærare på den situasjonen og elevar som opplevde denne tida fortalde.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar